Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Godtgjering og rettar

Informasjonen på denne sida gjeld for ordinære fosterheimar. For beredskapsheim og familieheim gjeld andre ordningar.

Ler meir om forskjellige typar fosterheimar

Fosterheimsgodtgjersle

Som fosterforelder utfører du eit omsorgsoppdrag på vegner av barnevernstenesta, og for dette får du ei godtgjering.

Kor mykje fosterforeldra får i grunnstøtte og til dekning av utgiftene til barnet, er i dei fleste tilfelle baserte på satsane som KS fastset i juli kvart år. Desse satsane er rettleiande. Kor mykje ein mottek i kvart enkelt tilfelle, vil variere basert på kva det einskilde barnet eller ungdomen har behov for, og kva avtale du gjer med barnevernstenesta i kommunen din.

Godtgjeringa består av to delar:

Grunnstøtte

Grunnstøtta er kompensasjon for oppgåvene som følgjer av fosterheimsoppdraget og blir så lenge barnet utbetalt bur i fosterheimen.

Grunnstøtta tilsvarer grunnsumen i folketrygda (1G) årleg, som er rundt 100 000 kroner. Den er skattepliktig og gir opptening i folketrygda.

Det mest vanlege er at ein fosterheim får

  • Ei fast grunnstøtte som er uavhengig av anna inntekt
  • Ein standardisert periode med frikjøp frå ordinært arbeid når barnet flytter inn
  • Moglegheit for frikjøp over lengre periodar når behovet til barnet tilseier det

Men dette kan variere frå kommune til kommune.

Utgiftsdekning

Fosterheimen skal også få dekt utgiftene til barn(a) til mat, klede, hygieneartikler, hushaldsartiklar, bu- og straumutgifter, møbel, fritidsaktivitetar, reisekostnader, feriereiser, telefon og annan mediebruk.

Utgiftsdekninga er skattefri.

Gjeldande satsar finst på KS sine nettsider.

Tilpassingar og ekstra godtgjersle

For nokre barn kan det vere naturleg at fosterforeldra mottek auka godtgjering til dekning av utgiftene knytte til omsorga for barnet. Det kan for eksempel gjelde dersom barn har behov som medfører ekstra slitasje på klede, utstyr e.l., auka reiseutgifter knytte til samvær med foreldre, eller anna.

Det kan også vere aktuelt med økt grunnstøtte (og/eller frikjøp) for barn med vedvarande og omfattande omsorgsbehov eller funksjonsnedsetjingar, som medfører ekstra belasting for fosterfamilien.

Kva som skal gjelde av tilpassingar og godtgjering i den einskilde saka må avtalast med barnevernstenesta i kommunen.

Barnetrygd og kontantstøtte

Barnetrygd blir utbetalt til fosterforeldra dersom dei har søkt om å motta barnetrygda for barnet.

Barnetrygda er eit supplement til beløpet som blir gitt til utgiftsdekninga og kan brukast til dekning av utstyr til sport- og fritidsaktivitetar eller anna som barnet har behov for.

Det blir ikkje gitt kontantstøtte for barn som er plassert i fosterheim.

Frikjøp

Vanlegvis blir ein av fosterforeldra frikjøpt frå det ordinære arbeidet sitt når eit barn flytter inn i fosterheimen. Frikjøp den fyrste perioden skal bidra til at det blir etablert ein trygg relasjon mellom barnet og fosterforeldra, og skape grunnlag for ei stabil kvardagsfungering. I denne perioden får fosterforelderen kompensert for sin tapte inntekt med rettleiande tak på inntil 6 G. 

Fosterforeldre er oppdragstakarar

Avtalen fosterforeldre inngår med barnevernstenesta i kommunen er ein oppdragsavtale.

Det inneber at fosterforeldre blir rekna som oppdragstakarar eller frilansarar etter folketrygdlova, og ikkje som arbeidstakarar. Dette har tyding for kva rettar fosterforeldra har etter lovverket.

Feriepengar/frikjøp

Fosterforeldre er ikkje arbeidstakarar etter ferielova og derfor har ikkje barnevernstenesta plikt til å betale feriepengar av grunnstønaden som blir ytt til fosterforeldra. I staden for feriepengar får fosterforeldre utbetalte grunnstøtte 12 månader i året.

Dette er fordi fosterforeldre blir rekna som oppdragstakar eller frilansar, og ikkje som tilsette. Det same gjeld om du er frikjøpt frå det ordinære arbeidsforholdet ditt.

Pensjon

Fosterforeldre tener alderspensjon i folketrygda, men ikkje tenestepensjon (OTP).

Grunnstønaden for fosterforeldre er pensjonsgivande inntekt som gir opptening av alderspensjon i folketrygda. Fosterforeldre som har dagleg omsorg for barn under 6 år, er sikra ei årleg alderspensjonsopptening som tilsvarer 4,5 gongar grunnsummen (G-beløpet) i folketrygda

Fosterforeldre reknast ikkje som arbeidstakarar, men oppdragstakarar/frilansarar og likestilte med sjølvstendig næringsdrivande. Fosterforeldre blir derfor ikkje omfatta OTP-ordninga (der arbeidsgivar set av midlar i ei tenestepensjonsordning på vegner av dei tilsette) og får ikkje opptening i tenestepensjon.

Nokre kommunale barnevernstenester tilbyr (likevel) tenestepensjon eller annan økonomisk kompensasjon.

Fosterforeldre kan også spare til pensjon etter innskotspensjonslova i private pensjonsordningar.

Sjukepengar

Dersom fosterforeldre blir sjuke og må avslutte fosterheimsoppdraget av den grunn, har ein rett på sjukepengar etter folketrygdlova, men fyrst etter 17 dagar.

Det har samanheng med at fosterforeldre blir sedde på som oppdragstakar/ frilansar, og blir likestilt med sjølvstendig næringsdrivande.

Fosterforeldre kan teikne ei tilleggsforsikring slik at ein også er dekt dei fyrste 17 dagane. Spørsmålet om tilleggsforsikring bør avklarast med barnevernstenesta i kommunen når fosterheimsavtalen blir inngått.

Heime med sjukt barn, omsorgs- og foreldrepermisjon

Fosterforeldre i ordinært inntektsgivande arbeid har rett til omsorgspermisjon frå det ordinære arbeidet sitt i to veker i samband med at dei overtek omsorga for eit barn under 15 år.

Fosterforeldre som er i ordinært inntektsgivande arbeid, har i dei fleste samanhengar dei same rettane som foreldre.

Dersom barnet blir sjukt, har fosterforeldre rett til å vere heime med sjukt barn på lik linje med foreldre, det vil seie inntil 10 dagar kvart kalenderår til og med kalenderåret barnet fyller 12 år.

Fosterforeldre har også rett til redusert arbeidstid - eksempelvis kortare dagleg arbeidstid, frie ein eller fleire dagar i veka eller liknande. Dette kan vere aktuelt når ein tek vare på små barn, og barnet på grunn av behova sine bør ha redusert opphaldstid i barnehage eller om det er utfordrande å skaffe barnepass/dagtilbod, og ein fosterforelder derfor bør ha meir tid heime med barnet.

Dersom barnevernstenesta i kommunen vurderer at det er behov for at ein av fosterforeldra er delvis heime frå jobb for å ta seg av barnet, vil det vere behov for frikjøp for å kompensere for den tapte arbeidsinntekta.

Som andre foreldre har ein rett til å ta ulønna foreldrepermisjon i til saman tre år dersom fosterbarnet er under 15 år.

Etter at fosterbarnet har fylt 18

Barneverntenesta skal avklare med barnet om det ønsker ettervern etter fylte 18 år. Ettervern for barnet kan gjelde til barnet er fylt 25 år. Barnet sine ønske og behov for ettervern bør avklarast i god tid før barnet blir myndig.

Dersom barnet og fosterforeldra ønskjer det, kan barnet fortsetje å bu i fosterheimen som ettervernstiltak til det har fylt 25 år, og fosterheimsavtalen kan vidareførast.

Fosterforeldra og barnevernstenesta i kommunen må så tidleg som mogeleg avklare og avtalefeste vilkår for godtgjering når fosterheimsoppdraget blir vidareført som ettervernstiltak for barnet. At barnet blir myndig medfører ikkje nødvendigvis forandring i behov, og det kan vere særleg behov for støtte i avslutning av vidaregåande opplæring og i overgangen til eit meir sjølvstendig liv. Dermed vil det ofte vere naturleg at nivå på godtgjering til fosterforeldre også blir oppretthalden etter at barnet fyller 18 år.

Ler meir om forskjellige typar fosterheimar

Kontakt oss

Skriv inn postnummeret ditt for å finne din nærmeste fosterhjemstjeneste

Oversikt over fosterhjemstjenestene
Dame som ser mot kamera